page view image

Venners vennefest

Arrangementsinformasjon
event image

Inviter med deg éin eller fleire venner, og kom på venners vennefest!

OK, kanskje du ikkje er venn eller venners venn med absolutt alle som kjem, men me reknar med at alle stiller med ei vennleg innstilling. Komitéen lovar i alle fall å legga til rette for ein triveleg kveld.

Velkomstdrinken er lokal eplemost eller eplesider; du kan sjølv velja kva du vil ha i glaset.

Rundt kl. 20:00 blir det servert tapasbuffét frå Kniv & Gaffel, med 12–15 forskjellige rettar. Baren er open heile kvelden, så du kan velja mellom drikke med eller utan alkohol.

Når borda er rydda, og maten har fått siga litt, kjem Rita Fotland Bøe og Kåre Bøe for å spela opp til song og dans.

Me gler oss til ein triveleg kveld!

Restriksjoner

Aldersgrense: 18 år

Ansvarsfraskrivelse

MERK: Me treng minst 70 påmelde seinast tysdag 21. mars kl. 21:00 for at arrangementet skal gjennomførast. Dersom arrangementet blir avlyst, vil me refundera billettprisen ekskl. billettavgifta.

A-sponsor: